BULL I BIBLIOTEKET 
 

 

På Osterøy står sjølvsagt Ole Bull i ei særstilling. 

Bullahuset på Valestrand er ei perle i seg sjølv, og innbyggjarane i kommunen kjenner seg litt i slekt med verdsstjerna. Det var jo i skogane her han la grunnlaget for alt det han seinare tok med seg ut i verda og trollbatt tilhøyrarane sine med.

 5. februar 2010 ville den store helten fylt 200 år. For å hylla han på ein skikkeleg måte, speler Osterøy Bibliotek verkelge på mange strenger!

Me feirar Ole Bull  tre dagar til endes, - altså som eit godt, gamaldags ostrabryllaup. Og alle aldersgrupper vert inkluderte i feiringa.

 

Onsdag 3. februar

blir her eit yrande liv i biblioteklokala. Alle barnehagebarn over tre år skal få vera med på ei spesiallaga framsyning om den store kjendisen.

linda Røyseth osterøy bibl

Linda Røyseth Sandhåland og Einar Mjølsnes spelar og fortel om den vesle guten som sneik seg til å høyra fiolinmusikk bak sofaen. Dei skal sjølvsagt innom det flotte Bullahuset på Valestrand, og vil fortelja om korleis vesle Ole sat i jettegrytene og lurte ferdafolk til å tru at det var dei underjordiske som spelte.

 

 

 

Torsdag 4. februar

får me besøk frå Oslo. Då kjem den kjende skodespelaren Minken Fosheim og viser framsyninga Eventyret om Ole Bull. Ho har med seg dokkespelar, pianist og kanskje ein felespelar. Minken Fosheim har turnert mykje med eventyra sine om ulike komponistar, og me er svært glade for å få henne til Osterøy.

Den gode Ole Bull gjorde stor suksess kvar han kom, men når me les den fantastiske historia om livet hans, sit me att med ei kjensle av at han ikkje var den beste til å følgja opp ungane sine. Dette inntrykket vil Osterøy Bibliotek retta litt opp, og inviterer difor alle elevane på barnetrinnet til biblioteket denne dagen! Dette er meir enn 750 barn som skal fordelast på tre framsyningar! Største bekymringa vår er ikkje å finna plass til barna, men sjølve logistikken. Mange skal ut og inn på same tid, og garderobeplass har me ikkje for mykje av.

Men Osterøy Bibliotek er ikkje kjende for å gi opp så lett, så dette skal gå fint!

 

Fredag 5. februar

Er sjølve den store fødselsdagen, og då får me storfint besøk heilt frå Stockholm! Knut Hendriksen kjem eins ærend til oss for å fortelja om tippoldefaren Ole Bull på Osterøy Senioruniversitet. Han er både underhaldande og kunnskapsrik, og sette stor pris på at biblioteket ville gjera så mykje ut av fødselsdagsfeiringa. Håkon Høgemo som har fått spelemannspris for hardingfelespelet sitt, skal fargeleggja denne framsyninga ytterlegare.

 

Utstilling

Osterøy Bibliotek har mykje verdifull litteratur om Ole Bull i lokalsamlinga, og me skal sjølvsagt laga ei flott utstilling der alt dette blir vist fram.

 

Støtte

Det seier seg sjølv at dette er eit økonomisk løft som biblioteket ikkje kunne greidd på eiga hand. Me har initiativet og arbeidskreftene, men manglar pengar. Biblioteket sende førespurnad om støtte til fleire lokale bedrifter, og interessa var formidabel. Me har og fått god støtte frå Ole Bull 2010, og er svært stolte over det flotte arrangementet me skal presentera for eit stort publikum.

 

Kontakt for jubileumsfeiringa i Osterøy Bibliotek:  Tone Vatle.

 Tlf 56 19 26 00  E-post: biblioteket@osteroy.kommune.no

 

Attende til framsida for Osterøy Bibliotek